Vitenshitshow

Vitenshitshow

  • fredag 16. oktober — 18:00

Storsalen

Kjøp billetter

Vitenshitshow er tilbake, i ei heilt ny og oppdatert drakt, med endå fleire stunt, større eksperiment og meir action enn nokon gong før.

Dennis Siva og Stian Sandø, kjende frå Newton på NRK, har i ei årrekkje underhalde barn og unge med det populære sceneshowet sitt. Her tek dei med seg det beste og morosamaste frå TV.

Showet er ein herleg cocktail av flammar, eksplosjonar, latter og læring!

Dennis Siva Lie er ein prisvinnande programleiar og engasjert formidlar. Han har studert biologi ved Universitetet i Oslo, og med stor lidenskap for klima og natur tek han med seg eit sterkt engasjement inn i både foredrag og show. I 2019 vart han programleiar for det populærvitskaplege NRK-programmet Newton, og seinare Superkroppen og Ikkje gjer dette mot klimaet. Gjennom programma gir han publikum ei unik blanding av underhaldning og læring. Han har vunne både Emmy og Gullruta.

Stian Sandø er ein 32 år gamal programleiar, TV-personlegdom og gründer. Han gjekk på Ski vidaregåande skule og har studert Computer Science og Electrical Electronics ved NTNU. Han har starta eller eig fleire selskap, mellom anna D-SCOR, Flare og Nerdekollektivet. Frå NRK er han mellom anna kjend frå Newton, Sommeråpent og Unormal.

Priser

Standard
295,-
Gruppe 4 stk
250,-
Varighet
ca. 50 minutter
Servering
Åpner 1 time før forestilling.
Arrangør
Harstad Kulturhus