Herborg Kråkevik Trio – Vi vandrar saman med Kråkeviks songbok

Herborg Kråkevik Trio

Vi vandrar saman med Kråkeviks songbok

  • tirsdag 8. september — 19:30

Storsalen

Kjøp billetter

Herborg Kråkevik trio dreg på turne med songskatten vår.

Den vert formidla med fornyande musikalske arrangement, krydra med spennandes forteljingar frå kulturarven vår.

For nokon av oss er det songar og bilder me har vokse opp med og er glade i, for andre er det nyoppdagingar, men med Herborg som vegvisar gjennom konserten er me sikra å bli kjærlegkjende med skattane.

Ho vil også få oss til å syngja saman og gje oss ei oppleving av noko me eig i lag.

Herborg er eit «scenedyr» med store roller frå teateret og mange sjølvlaga forestillingar og cabaretar i bagasjen. Me kan lova ein musikalsk og verbalt underhaldande kveld!

Priser

Standard
585,-
Varighet
90 minutter
Servering
Åpner 1 time før arrangementet starter.