Fatig ferdamann på tur
Med eit nytt album i beltet dreg Odd Nordstoga ut på ein turne ulikt det han nokon gong har gjort før. I trioformat, med trommer, bass og seg sjølv, skal koronaen trossast og konsertar leverast. På repertoaret er ein bunke nye songar, sjølvsagt iblanda nokre gode gamle.