Duoen Vestavill består av sopran Ingvill Holter og pianist Marita Kjetland Rabben. Sidan studia på Griegakademiet i 2007 har Ingvill og Marita hatt eit stabilt samarbeid, og dei held jamnleg konsertar over heile landet. Repertoaret spenner frå klassisk liedtradisjon til nyskriven musikk. Vestavill er opptekne av å presentera klassisk og samtidsmusikk for eit nytt publikum, gjerne på litt utradisjonelt vis. Dei samarbeider ofte med kunstnarar frå andre sjangrar, og lagar framsyningar med utgangspunkt i musikken.

Den siste tida har duoen samarbeida med komponist Henning Sommerro. Saman har dei tre dykka ned i den gamle soga om Jostedalsrjupa, noko som har resultert i eit rykande ferskt bestillingsverk.

«Dei kom frå Luster og Leikang
Drog over isen og kom til ei tom bygd
Historia om jenta vart skapt.»

Ingvill og Marita har alltid vore fascinerte av historia om Jostedalsrjupa, den vesle jenta som overlevde Svartedauden og plutseleg var heilt åleine i verda. Forteljinga seier at då jenta vart funnen, var ho blitt vill som ein fugl og mista språket. Det einaste ho kunne seia var «Mor. Vetle rjupa».

Liknande forteljingar går att i ei rad segner om Svartedauden landet rundt, men historia om Jostedalsrjupa er nok den mest kjende. Kontrastane er enorme: frå den vesle jenta midt i den levande naturen, til den forferdelege døden, mørkret og einsemda som omgav henne.

Lang tid har gått sidan Svartedauden herja, men katastrofar vil alltid eksistera. Korleis reagerer me menneske når krisa råkar? I desse dagar har temaet blitt uhyggeleg aktuelt.

Heldigvis inneheld ikkje denne konserten berre einsemd og død. I løpet av konserten møter rjupa også på både Grieg si “Haugtussa” og diverse andre mystiske kvinner og fuglar av ulik art. Publikum får også høyra nokre av Sommerro sine vakraste viser om livet, håpet og kjærleiken.

Flere opplevelser:

26. jan
Harm og Hegseth GLITTER, K*K OG SANG
09. des
Bjørn Tomren Med et anstrøk av jul
06. okt
Brit Floyd 50 years of Dark Side
30. sep
Halvor Johansson Halvorsprat

Våre samarbeidspartnere