6. mai 2021 slapp dei debutalbumet sitt Utan å dirre på Nye Nor, og albumet vart nominert til Folkelarmprisen 2021 i kategorien Open klasse.
Namnet Aurom er henta frå Auromheimen. Dette er det andre riket, som Olav Åsteson vandrar gjennom i Draumkvedet. Auromheimen er ein mystisk stad, eit slags hinsidige der ein ser både til himmel og helvete. Den andre staden. Noko anna, er også denne vokaltrioen. Tre stemmer, tre musikarar som vil bruke stemma som instrument til å uttrykke både mørket og ljoset i livet. Dei punkta der ord blir fattige.
Trioen hentar tidlause songar frå tradisjonen, og skriv nye inspirert av dei gamle. Tre ulike stemmer med stort spenn og ein sjeldan samklang. Aurom har finne kvarandre i det leikne, i kjærleiken til stemma si evne til å uttrykkje det ordlause og det sterke. Folkesongane har også denne evnen. Dei flyt gjennom åra utan å miste magien som er ein god melodi, vakre eller sanne ord som resonnerar i oss, og spontaniteten i å lage musikk i akkurat dette augeblikket.
Developed by pricom as and designed by hipphurra - Copyright © 2017 Harstad Kulturhus as. All rights reserved.